MENINGER: Tidlegare skjenkestopp – eit tiltak som verkar

- Å stenge kranane tidligare er eit tiltak som vil ha reell påverknad på utelivsvalden. Det skriv styreleiar i Actis, Arne Johannessen, i dette lesarinnlegget som stod på trykk i Aftenposten

Skrevet av  Elisabeth |  12.11.10 - 08:58 | Skriv ut

Aften skriv på leiarplass 28.10 at omsynet til det lokale sjølvstyret gjer at regjeringa vurderar å gå vekk frå framlegget om å korte ned på skjenketida med ein time. I same ytringa vert underteikna og Actis skulda for å overdrive grovt, når vi seier at dette skjer på grunn av lobbyverksemd frå skjenkebransjen. På begge punkt tar Aften feil.

Dei fleste kommunane sa ja til innstramming i regjeringa si høyring. Fleire kommunar seier at dei ønskjer å sette inn tiltak mot utelivsvalden, men at det er vanskeleg å stramme inn skjenketidene om ikkje nabokommunen gjer det same. Berre nokre få kommunar meiner at ei innstramming av alkohollova vil råke det kommunale sjølvstyret. Grunnen til det er soleklar. Vi har allereie eit lovverk som avgrensar kor lenge skjenkinga skal vare. Spørsmålet er berre når kranane skal stengast.

I denne saka ser det ut til at regjeringa høyrer meir på skjenkebransjen enn på fagfolk, forskarar, politi, helsestell og alle dei andre som synes kortare skjenketid er fornuftig. Meiningsmålingar syner at 7 av 10 veljarar meiner at skjenking bør slutte før klokka 02. Berre skjenkebransjen sine eigne organisasjonar protesterer heftig i avisspaltene, og hevdar at skjenkekutt ikkje verkar. Det er feil. Tal frå politiet i 14 byar som har redusert skjenketidene viser at 13 av desse rapporterar om vesentleg mindre vald ute på byen.

Regjeringa har sagt at dei er ei førebyggingsregjering. Det er bra, men då må dei sette ord ut i handling. Ellers sviktar dei alle dei som får kjenne utelivsvalden på kroppen.

 

     

Diskuter

Post din kommentar

Kalender - Hendelser som kommer

Idium webpubliseringWEBPUBLISERING