MENINGER: Møte med redde barneandlet

Eg har meir enn ein gong som politimann komme inn i heimar og sett redde små barneandlet etter at ein alkohol-påverka far har slått mor, det skriv styreleiar i Actis Arne Johannessen i ein kronikk som har stått på trykk i Vårt Land denne veka. .

Skrevet av  Elisabeth |  10.02.12 - 09:47 | Skriv ut
Rus og ansvar

Dagens Næringsliv hadde 20. januar intervju med fleire kjende personar som seier nei til alkohol. Eg var ein av dei som var intervjua. Det er svært bra at medier som Dagens Næringsliv og andre set søkjelyset på alkohol. Alkoholkonsumet har gått gradvis opp dei siste åra. I større og større grad ser vi at alkohol er det største rusproblemet, medan det ofte er narkotika som blir diskutert. Ein ser stadig meir alkohol både i arbeidslivet, organisasjonslivet og i idretten. Talet på fråhaldskvinner og -menn har gått ned dei siste ti åra, og mange opplever stort drikkepress og at det er vanskeleg å vera fråhaldskvinne/-mann.

«Forklaringsplikt»

Sjølv opplever eg ofte å verte spurt om kvifor eg ikkje drikk alkohol. Det er spesielt å oppleva at ein har «forklaringsplikt» om kvifor ein ikkje brukar eit rusmiddel. Mange har nok behov for å legitimere sitt eige alkoholkonsum, ved at alle andre også må drikke. Eg spør aldri kvifor nokon vel å drikke alkohol - det får vere eit personleg val. Alkohol er ei lovleg vare, men det er og lovleg å takke nei.

Mange vert meir og meir klar over dei mange negative konsekvensane av det store alkoholkonsumet: Det er nær samanheng mellom kriminalitet og rus, og mange får redusert livskvalitet på grunn av andre sin rusbruk.

Redde barn.

Sjølv har eg meir enn ein gong som politimann komme inn i heimar og sett redde små barneansikt etter at ein alkoholpåverka far har slått mor. Mange små barn opplever sterke traume og utryggleik på grunn av rus i heimen. Mange av dei opplevingane eg har hatt som politimann, har sett spor og vore med på å forma mitt klare fråhaldsstandpunkt.

Samfunnet treng fleire som klart seier ifrå at ein ikkje drikk alkohol. Men endå meir treng samfunnet mange som talar tydeleg for måtehald, fleire alkoholfrie soner og eit redusert alkoholkonsum. Ein må tydelegare seie kva situasjonar alkohol ikkje passar inn. Alkohol og bilkøyring er «alle einige» om at passar dårleg saman. Idrett og alkohol vil og mange seie at ikkje høyrer saman. Likevel så ser ein stadig oftare idrettsutøvarar som feirar sigeren med alkohol, ofte sprudlande champagne i store mengder. Kva samfunnsansvar har idretten i høve til alkohol? Her må og media ta sin del av ansvaret. Det var ikkje å ta samfunnsansvar då Ernst A. Lersveen i TV 2 i direktesending frå turrennet Marcialonga serverte alkohol til løparane.

Kanskje vi i større grad må sørgje for at born i selskap med vaksne får oppleve alkoholfrie soner. Mange born opplever foreldre som rusar seg og endrar åtferd som svært negativt.

Skjenkestopp

Debatten om tidlegare skjenkestopp har ført til sterke motreaksjonar frå delar av utelivsbransjen. Bransjen nyttar mykje av den same retorikken her som i kampen mot røykelova. Dei meinte røyke-lova ville føre til undergangen for heile utelivsbransjen, ein spådom som ikkje akkurat viste seg korrekt.

Mellom 60-80 prosent av alle valdssaker i Noreg har samanheng med rus, oftast alkohol. Ofte er både offer og gjerningsmannen rusa. Mykje av den seksualiserte kriminaliteten har også samanheng med alkohol. Svært mange, særleg kvinner, opplyser at dei føler frykt og ubehag i det offentlege rom på grunn av andre sin overdrivne alkoholbruk.

Stupfulle

Det er på tide at regjeringa gjer seg nytte av kunnskapen frå dei kommunane som har hatt redusert skjenketid. Sirus sin gjennomgang syner tydeleg at det er ein samanheng mellom tidlegare skjenkestopp og nedgang i valdskriminalitet.

I dag ser ein mange private, useriøse aktørar som driv overskjenking i stor stil. Stupfulle bargjester hamnar ute på gata etter at bareigaren har fått profitten sin. Då er det skattebetalarane sine pengar som må nyttast til å rydda opp. Svært mykje politi- ressursar vert bundne opp for å rydde opp i fyllebråk. Dersom ein får redusert overskjenkinga og medfylgjande fyllebråk, vil ein få frigjort mykje politiressursar til andre viktige oppgåver.

Det viktigaste no er at fleire engasjerte personar tek ein edrueleg debatt om konsekvensane av det aukande alkoholkonsumet. Denne debatten må engasjera langt utover den tradisjonelle fråhaldsrørsla. Ein må få foreldre, besteforeldre og ungdomar som er uroa over utviklinga på bana.

Arne Johannessen

Forbundsleiar i Politiets Fellesforbund. Styreleiar i Actis (rusfeltet sitt samarbeidsorgan)

 

     

Kalender - Hendelser som kommer

Idium webpubliseringWEBPUBLISERING